logo
 
------------------------------------ Treff ---------------------------------------

Italiensk vårtreff 2025
31.05.2025 til 01.06.2025

Rokken Guzzi Lag Inviterer igjen til treff i Olden, men med ein ny vri denne gongen. Vi har reservert heile Olden Fjordhotell, og her har alle rom balkong og utsikt over den nydelige Nordfjorden!

Adressa til hotellet er Solstrandvegen 1, 6788 Olden. For å sjå fleire bilder av hotellet, så gå gjerne inn på www.oldenfjordhotell.no

• Treffavgift kr 300,-
• Overnatting
o Enkelt rom kr 1.780,- for to netter
o Dobbeltrom kr 2.590,- for to netter
o Trippelrom kr 3.890,- for to netter
Desse prisane inkluderer sengtøy og handkle, suppe fredag kveld, 2 frukostar og buffet middag laurdag kveld.
o Teltplass kr 0.-
o tilgang til dusj m/handkle og såpe kr 250,- (pr telt per dag)
o Suppe fredag kr 200,- pr person
o Frokost kr 200,- pr dag pr person
o Middag laurdag kr 450,- pr person

Dersom du vil komme ein dag eller to før fredagen eller reise nokre dagar etter søndagen, så får du tilbod om dei same prisane, men du må avtale dette direkte med hotellet.

Vi vil opplyse om at hotellet har skjenkeløyve.

• Det vil bli servert gratis kaffi/te til alle under heile treffet.
• Det vil bli høve til å kjøpe seg ein enkel lunsj på hotellet laurdag om nokon vil ha det.
• Fellestur laurdag; turen vil gå til Kjenndalen slik som sist, der det blir båt deler av turen. Du betalar for båtturen på båten. Det blir satt opp buss til båten for dei som ikkje vil ut å køyre MC. Det er også mogeleg å køyre heilt fram til Kjenndalsstova med MC, men då er det bomveg siste stykket (ca. 1 km).
• Årsmøte for Norsk Moto Guzzi Klubb blir halde laurdag.

Påmelding til treffet gjer ein direkte til hotellet på e-post: post@oldenfjordhotel.no, merk e-posten med MC treff ref 24731.
Hugs også å oppgje kor mange de er som treng overnatting.

Vi vil også at de sender e-post for påmelding til treffet til Kari: kap@enivest.net. Fint om ein tar med namn på kven som kjem.

Påmelding innan 15. mai 2025 😊

Vi gleder oss til å sjå deg i Olden denne helga!!!

Helsing Rokken Guzzi Lag



Avstander til treffstaden i Olden:
Oslo - Olden 490 km
Kristiansand - Olden 710 km
Stavanger - Olden 480 km 3 ferjer
Bergen - Olden 280 km 1 ferje
Trondheim - Olden 420 km
Kirkenes - Olden 2300 km via Norge, 1 ferje
Kirkenes - Olden 1930 km via Sverige og Finland




Tilbake
 

Copyright © 2002-2011 Norsk Moto Guzzi Klubb Webmaster