logo
 
------------------------------------ Treff ---------------------------------------

Italiensk vårtreff, Olden
03.06.2017 til 05.06.2017

Rokken Guzzi Lag ynskjer velkomne til vårtreff i Olden.

Treffstad:
Oldevatn Camping (den faste plassen vår) www.oldevatn.com

På treffplassen er det tilgang til vaskemaskin, tørketrommel/tørkeplass, god dusjkapasitet og eit godt og stort sanitæranlegg. Det vil bli rigga oppholdstelt med plass til alle deltakarne. I dette vil vi prøve å vise litt bilder/film frå farne trefftider. Hyttene på treffplassen er ein del oppgraderte frå forrige treff (2012).

På treffplassen er det hyttekapasitet til mellom 35 og 50 personer alt etter korleis vi får forlegningsplanen til å gå opp. Innafor ein avstand på ca 800 m frå treffplassen har vi tilgang på ytterlegare 25 til 30 plasser i hytter og leileg-heiter. Vi arbeider med å skaffe meir overnatting i form av campingvogner.

Det vil vere betalingsterminal i bruk på treffplassen.
Det vil vere servicevogn på treffplassen.

Fredag 2. juni:
Treffplassen vil vere betjent frå kl. 10.00.
Registrering frå kl. 14.00
Kiosk opnar kl. 14.00 til…...
Det vil verte servert varm heimelaga føde frå registrering starter.

Laurdag 3. juni:
Frukost frå kl. 08.00 til 11.00
Kiosk frå kl. 08.00 til….
Fellestur kl. 13.00 (kl.13.30), sjå eigen info anna stad i programmet
Årsmøtet vert i oppholdsteltet kl. 18.00
Fellesmiddag i oppholdsteltet kl. 19.00, meny sjå eige punkt i programmet.
Premieutdeling og litt overaskelsar etter middagen.

Søndag 4. juni:
Frukost frå kl. 08.00 til kl. 11.00
Kiosk open frå kl. 08.00 og til ut på ettermiddagen.

Middag:
Heilgrilla hjort eller gris eller begge deler.
Grilla koteletter, pølser og laks.
Tilbehør ikkje bestemt, men rikelege mengder lovast.
Mjød av lokalt slag vert servert, anna drikke kan kjøpast.
Pris pr. pers kr. 300,-, barn under 16 år gratis.

Treffavgift:
Kr. 450,- pr person, barn under 16 år gratis.
Treffavgifta inkluderar matservering ved ankomst fredag, frukost laurdag og søndag, telting på treffplassen, kaffi under heile treffet.

Overnatting:
Pris pr. pers. pr. natt i hytte/leilegheit frå kr. 200,- til kr. 350,- alt etter utnyttingsgraden i høve antall sengeplasser i hytta/leilegheita.
Sengesett kr. 100,- pr sett, kan takast ut ved registrering.

Fellestur:
Alternativ 1
Til Stryn for å besøke den årlege lokale motorfestivalen. Det vert sett av eiga parkeringssone på festivalområdet. Avstand ca 33 km ein veg. Motorfestivalen finn de info om ved og gå på Facebook. www. Facebook.com og på Facebook søke på: Motorfestival Stryn.

Alternativ 2
Til Loen. Ta den nyopna pendelbana/taubana til fjellet Hoven. Avstand ca. 22 km frå treffplassen. Pendelbana kostar ein del. For meir info søk på nettet etter: www.hovenloen.no

Alternativ 3
Båttur på Oldenvatnet. Øl og vin kan kjøpes ombord. Vil truleg koste nokre kroner pr pers.
Påmelding på treffet avgjer kor mange av alternativa som vert gjennomført. Veiret spelar og litt inn.

Påmelding:
Påmelding via e-post er ynskjeleg, adresse: pondus@stryn.frisurf.no
Førehandspåmelding gjev sikker plass ved middagsbordseta.
Arne Sandnes (265) Mobil 913 51 008

Rokken Guzzi Lag helsar so mykje og ynskjer alle velkomne!



Tilbake
 

Copyright © 2002-2011 Norsk Moto Guzzi Klubb Webmaster